Ungdommen forventar bærekraftig utvikling

Grønn Vekst Hallingdal har spurt Hallingdal ungdomsråd (HUR) om kva dei meiner om bærekraft, og kva for forventningar dei har til utviklinga i sin region. Her har vi oppsummert dei viktigaste innspela frå dei unge.

HUR etterlyser meir kunnskap om det grønne skiftet i skulen. Dei opplever ikkje bærekraft som noko gjennomgåande tema, noko dei meiner det burde være. Dei opplever heller ikkje at alle tek ressursgjenvinning på alvor. Ungdommen opplever at mange ikkje nyttar avfallsdunkane godt nok. Feire må resirkulere.

Kva meiner de er det viktigaste som Grønn Vekst Hallingdal bør fokusere på?

  • Opplysning og kunnskap om det grønne skiftet.
  • Akkurat som korona er blitt den nye kvardagen må også det grøne skiftet bli ein vane for oss alle. Med konkrete tiltak, gjerne gjennom kommunane, vil det vere lettare å få mannen i gata til å bidra.
  • Inspirere, forankre og bidra til ei haldning som seier at det er viktig at alle bidreg på ein felles dugnad.

Kva må til av «det grønne skiftet» for at ungdom skal ville bu i Hallingdal i framtida?

  • Hallingdal må framstå som eit bærekraftig samfunn med rein natur.
  • Hallingdal må få betre ordningar for kjeldesortering som gjer at folk også sorterer matavfall.
  • Det må bli lettare å sortere avfall generelt i samfunnet, til dømes slik det er på togstasjonane, slik at ein kan sortere papp, plast osv. i sentrum og på stader der folk er samla.

Ungdommen i HUR sit med ei kjensle av at utviklinga av miljøet i Hallingdal ikkje heng med på utviklinga elles i landet. Uansett om det er slik eller ikkje så er dette ei klar oppmoding som vi bør ta tak i.

Det vil alltid vere mykje som kan gjerast for å betre situasjonen. I prosjektet «Grønn Vekst Hallingdal» er vi glade for å ha ungdommen med oss på laget! Vi ønskjer å bidra til at dei unge sit med ei kjensle av at utviklinga går i riktig retning, og at me blir den grøne dalen, slik at regionen også blir attraktiv når ungdommen skal byggje seg ein heim og eit liv. Vi skal derfor ta med oss innspela frå dei unge.

Her kan du lese meir om Hallingdal Ungdomsråd, eller kontakte dei via Facebook.

Har du innspel til oss, så send det inn her!

Relaterte artikler