Lanserer grøn nettside

Grønn vekst Hallingdal er eit forprosjekt som skal vise mogelegheiter for etablering og vidareutvikling av bærekraftig næringsutvikling. Prosjektet skal bidra til å vise veg inn i det grøne skiftet. Denne nettsida skal oppsummere prosjektet, samstundes som nettsida skal fungere som eit verktøy og ein hjelp for alle som vil gå frå ord til handling – inn i det grøne skiftet.

Kva er så det grønne skiftet? Vi definerer det grøne skiftet som ein endringsprosess som gir auke i verdiskaping med mindre samla miljøpåverknad og utslepp. Det handlar om å fjerne seg frå «grå vekst» som er å skape verdiar samstundes som ein aukar miljøbelastinga. Å skape vekst samstundes som ein kan redusere fotavtrykket må vere det nye idealet.

Hovudmålet med prosjektet er å etablere Hallingdal som ein «grøn region». Hallingdal – den grøne dalen. Dette skal skje først gjennom mobilisering, og at vi må skaffe oss kunnskap. Dette skal gi grunnlaget for vidare satsing på bærekraftige løysingar og produkt for næringsliv, reiseliv og innbyggjarar i Hallingdal, og etablering av nye bærekraftige arbeidsplassar.

Vil du vite kven som har vore ein del av prosjektgruppa, les meir her.

Biletet er av arbeidsgruppa i Grønn Vekst Hallingdal frå oppstartmøte på Fausko i Hemsedal.

Det er ikkje tilfeldig at prosjektet starta på Fausko. Garden har vore drive på økologisk vis sidan 1980-talet. Bioenergi har blitt ein viktig ingrediens frå 2018. Då utvida Knut Fausko flisfyringsanlegget som har gitt betydeleg større kapasitet for oppvarming og forbruk av varmt vatn for heile bygningsmassen på gjestegarden, herunder også Låven – som mellom anna er nytta til konsertar og større lag.

I tillegg er tak- og veggflater på reidskapshuset nytta for produksjon av solenergi. På eine halvdelen av takflata er det montert solcelleanlegg for straumproduksjon. På den andre halvdelen, samt enkelte veggflater, er det montert solfangeranlegg som vil redusere behovet for flisfyring i sommarhalvåret.

Med desse tiltaka var målet at om lag 90 prosent av samla energibehov på Fausko blir dekka av eigenprodusert fornybar energi.

Dette er gode døme på korleis det grøne skiftet kan arte seg i praksis.

Har du innspel til oss, så meld det inn her!

Relaterte artikler